torsdag 2. april 2020

KNALL OG FALL

Aldrig so gale,
 at det ikkje er godt for nokke.
Har fått uventa god tid for fotoredigering av bilder.
Å det har ikkje blitt gjort på eit år, so....

Å slik blei det.

HANDTAKET. 
Dette var første del. Bolta som stiva av foten.  
Det er so fastskrua at foten kan løftast opp 
etter ein av boltane og eg kjente ingen ting.

 Latmannsbør, haurdt om det? 
Ikkje driv med slikt, 
ikkje ned ei bratt, godt sleta loftstrapp i "slappe" tøfler.
Dragande på ein stappfull plastbag med stoff,
steintongt. 
Det du oppnår då er at baggen kjem etter deg i viss fart, 
slær føtene onda deg so du sklir sidelengs ned dei 3 siste trinna.
Klart du ikkje klare å fote deg då!
Å du tek deg før med ei hand.

Der låg ei altso, rett ut på ganggolvet. 
Stemmen var det ikkje nokke i vegen med, so det jalla i veggane. 
Kvem som kom først, bikkjene eller sønen
fekk ei ikkje heilt med meg. 
Men beskeden var klar frå meg: RING AMBULANSE!!!
Å dei raudkledde kom.
 Med flott bil, god seng og 
nokre nåler med godsaker i, det hjalp.

Sjukhuset tok imot.
 Del 2. Då hevelsen var gått ned, vart det tid for gips.
5 timer på operasjonbordet, på magen, tok det. 
Då blei boltane erstatta med plater og skruer. og sikra med gips som var steintong.

Ei veke blei det på sjukehuset.
Då meinte dei kjerringa kunne ha seg heimatt.
Med ein brøkken fot og ei arm er det ikkje so enkelt å få knadd seg brød, 
so nokken tok ein tellefon...

Påskeoppsats frå jentejengen.
Tusen takk!

Haram omsorgssente rehabavdeling blei neste stopp, og er her endå.
Kjemmpeflott plass. Lyse trivelige lokaler, flott utsikt, 
å ikkje minnst blide, greie og flinke pleiara.
So her bit eg meg fast ei god ri.
Får ikkje starte å belaste brudda før om fire veker.



 No gjeng det på egentrening. 
Dingle med arma fram og tilbake og i sirkel. 
Knytte neven og spriken med fingrane. 
"Flippe" handa ned og opp.
Tær og ankel skal også "vinkas" med.
Dette er for at legemet ikkje skal stivne

Forråd. Dei fleste hamstra toalettpapir, 
eg har panikk for å gå lens for kaptenkjeks. 
Kvart vårt i desse koronnatider.

En ting er klart, det er viktig å ta seg godt ut.
So to gode venniner vimsa innom Moa å skulle sjå om dei
kunne finne nokre nye klær som passa til kjerringa.
Masse fint kom dei tilbake med.
Det likaste er no denne buksa, KNALL!


2 kommentarer:

  1. God bedring kjære Inger-Lise 😁
    Bamseklem.

    SvarSlett
  2. Oioioioi, fortsatt god bedring Inger-Lise :*
    Klem frå borti gata

    SvarSlett